Side:Fraa Dansketidi.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Fyreord.


Det er eit myrkt Blad av vaar Sagabok, eg her syner fram. Det er den Tidi, daa Danskehatet heruppe var mest livande, og Grunvollen vardt lagd til det Svenskehat, som endaa i mangt og myket sit atter i Folket vaart. Det kunde synast underlegt at velja nettupp denne Tidi til Emne, no daa det gjeld um at samla Brødrafolki i Venskap, og eg veit helder inkje rett, kvifyre dette Emne nettupp baud seg fram og kravde Skapnad. So faarlegt er det vel inkje. Skandinavtanken heve no grott fo pass fast her, og dei try Frendefolk hava funnet kvarandre andlegt i so myket, det inkje kann skada midt i Gleda at sjaa attende paa gamall Urett og Synd. Og sant er det og, at denne Tidi fyre meg heve ei underleg Dragkraft. Kannhenda er det det halvmyrke, løyndomsfulle, som dreg. For Dansketidi i dei fyrste Aarhundrad er som at sjaa utyver ei Bygd sveipt i Nattmyrker. Ljoset skin fraa ein og annan Garden og lokkar Ferdamannen til at setja seg innmed Peisvarmen. Elder det er som at koma inn i ein stor forgrodd Skog. Her er so stilt, so einslegt, du veit inkje, kvat som ventar bak næste Tre. Du gjeng lydande, ljosnande Steg fyre Steg fram igjenom. Du høyrer ein Fuglelokk, ein Byrsesmell, ein Los langt burte; du ser ein liten Blome, ein sundbroten Runestein med Føterne dine. Alt som bur i Menneskja, baade godt og vondt, fær veksa villt i denne Tid. Her er inkje Skular, inkje Lærarar at kalla fyre. Store Tankar verd kastade inn paa Landet men berre som Dragsud; dei glida attende, dei koma ster-