Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men så kom han Johan med friarbrevet sitt. Han vona ho ikkje vart skræmd. Han måtte ha hjelp i huset; mora vart gamal og greidde ikkje alt; og no vilde han, om ho slo til, gifte seg straks han kom frå Lofoten.

Ho hadde tenkt seg eit friarbrev heilt annleis. Ho var så kald og likesæl med’ ho las brevet. Og han fekk utan blunk eit blankt avslag. Ho var ikkje tenkt å gifte seg; ho vilde reise sør og bli sjukepleierske.

Men brevet gjorde så vondt. Det gjorde henne så tvilsam. Det måtte vere han Kristian likevel som hadde vore ilag med ho Maria. For det kunde ikkje vere han Johan, slik som han skreiv til henne. — — —

Det vart dagar fulle av tærande tvil og tyngsle. Det var underleg kva eit menneskje kunde greie og endå leve! — — —

Men så kom tidenda om oppgjøret millom han Johan og han Kristian.

Då gjekk ho til ho Maria same dagen. Snakka lenge og varmt med henne, slik som i gamle-dagar. Ho kunde berre anke på at ho ikkje hadde gått til henne før. Det var som ein stein vart letta av hennar barm. Ho gjekk trallande og takksam heimover den kvelden. — — —

Når ho Maria hadde vore sår og sinna, så var det fordi ho trudde at ho vilde ta han Johan ifrå henne. Han hadde vore forlova med ho Maria, og då vart det gjort. No kunde det