Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det ikkje var slik, som han hadde ottast for. Han Kristian Moa hadde i allfall visst god greie på det. Kva anna kunde det vere som gjorde han så besett og galen, at han pønska på og gjere av med både seg og dei andre på båten. — — —

Heile bygda visste snart å prate om det. Og dei spurde henne, om ikkje ho visste noko; ho som alltid hadde vore slik god ven med ho Maria.

Nei, ho vilde ikkje tenkje på den sorgsame tia no, her ho sat ut på bakken og såg utover fagre fjorden. — — Men tankane kom att. Ho måtte gjenomleve alt endå ein gong. — — —

Ho hadde flerie gonger vore på tur ut til ho Maria.

Ho måtte snakke med henne; få visse for om det var han som hadde gjort dette, han som ho trudde var betre enn alle andre tross alt det folk sa eller syntest. — — —

Men ho snudde alltid på vegen. Ho fekk det ikkje til å gå fram, fordi ho syntest det var så leitt å kome til ho Maria no, og mest fordi ho var redd å få det sørgelege stadfest, at det var han.

Men alle var ju så visse på, at det var han og ingen annan. Og så vidt ho kunde skjøne, måtte det vere anten han Johan eller han Kristian; for ho Maria hadde då ikkje vore ilag med andre.

Kven var det så av dei to? Ho hadde mest lyst til å tru det var han Johan. Han var pågåande nok.