Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

VIII.


Ho visste ikkje korleis det hadde gått til, ho Magnhild i Kleiva, at ho var komen hit ut på lyngrabben, utanom bygda. Ho hadde berre villa gått seg ein tur i søndagsstille kvelden. Då ho var komen ut mot Moa, hadde ho teke buvegane utetter, ut mot Stormyra og Djupdalen. Det hadde kalla så på henne, dette store og fredsame riket her ute, der folk sjeldan sette sin fot.

Og ho hadde slik trong til ro og til fred. — —

– Slik lang og fredlaus vinter kunde ho ikkje minnest. Reint uvanleg mykje til snø, og så slik ofse til fok og rok. Det var så kaldt og utriveleg både ute og inne. Ingen til å snakke med; eine med sine tærande tankar kvar einaste dag. Det gjekk endå så lenge det var dag og ho gjekk og trakka og trødde med eitkvart. Men desse lange og tungsame kveldane, då vinden piska hardt mot rute og allslag tankar kom på gjesting! Det var ein endelaus vinter. Ho hadde aldri før visst, at livet gøymer slike store vintrar, då alt synest fryse og floke seg til.