Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

å fure på jollan’; då bar det avstad i eit vanvet. Some fekk tid til å stikke ein kavring i lomma; andre ikkje. Og vart det slik i dag som dei andre dagane dei hadde vore ute, så vart det vel lite bruk for kavringen. Ein hadde anna å gjere enn å sitte og ete inn-på havet, slikt brot og forferdels’ det var.

Han Kristian tøygde seg så lang han var i atterromet. Båten var så forbaska tung i dag; han sette seg mest til å ri’ på kvar båreryggen.

— Vi kann ikkj bli liggand her i bakevja. Det var høvesen som såg som snarast frametter båten. Gluntane bøygde ryggen og la seg skikkeleg fram-i. Det hjelpte. Sneseglåttringen tok att den eine etter den andre. Han kom til sist opp på sida av storfiskaren i Kleiva. Han hadde ein gamall kuvnasa bindaling, lett for årane og god under segl.

Men han Jonas Jensa likte seg ikkje i år. Det hadde vore betre han ikkje hadde reist til Lofoten. Såpass gamall høvesmann han var måtte han då vite korleis det vart når ein skulde ro fiske med utsveitta kallkrokar og gørr-ungar.

Han Kristian Moa såg fram endå ein gong på karane. Og gluntan skjøna kva det galdt: Å slå storfiskaren i Kleiva. Dei sette årane godt fram-i, og for samse taktfaste tak seig nyåttringen framom den gamle bindalingen. — Hels fram! ropte han Iver Jensa forarga i det same. Det skulde vere siste året han rodde med faren,