Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ha eit serskilt hav å fiske på; ilag med båtane sku’ dei ikkje kome.

Ein ung motorsvart ibestadværing reiste seg utar med døra.

Frisk og freidig såg han ut over forsaminga. Han syntest kallan’ var for einsynte og fanatiske no. Det var berre tøv, dette, at motoren skræmde fisken. Motoren var det store eventyret, som folk i lange tider hadde lengta mot og drøymt om, når dei sat ved årane og sleit seg fram dei mange milene. Men no når eventyret tok til å bli verkeleg, no når ein tørr og utkvild kunde sitte ombord i fiskebåten og la motoren bere ein fram gjenom stilla og motvind, no då det sku’ bli ein leik å vere fiskar, no reiste folk seg og protesterte. Var det då så herlegt det livet som fiskarane førde? Ønskte dei det ikkje betre?— — —

Lenger kom han ikkje. Det tok til å murre slik i forsamlinga, at emissær Larsen i eigen person måtte bort og be motorkaren gå sin veg; elles kunde møtet ende i slagsmål og synd. — —

Motorkaren gjekk. Men han fekk høve til å rope ut idet same han for, at om 3 år hadde kvareinaste av dei som no protesterte motorbåtar.

Det heldt på og bli leven ved døra, men han kom seg då ut heilskinna. Og kallane kunde i full fred vedtake ein protestresolusjon, som vart send sør til dei som styrte land og rike. Med