Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ingen ting. Dei gjekk beint mot sjøen og vinden og veret, kakka og banka, og hamra og osa stygt; så det var eit helvetes spetakkel. Ein kunde høyre dei langan lei. Og fisken som var så skjerr og redd av seg! Dei kom til å skræme kvar fiskmorten frå fiskeplassane. Det gjekk endå an så lenge fisken stod så langt inn-på, der det var djupt vatn. Men lat han no kome oppåt land! Han kom vel elles ikkje nær land i år; han høyrde vel aloen og sjauen. Og vart ståande inni blåfjorden. — — —

Harmen og misnøgjet auka for kvar dagen.

Det gjekk som ei murring over heile været. Og denne murringa vaks for kvar gongen skøytene hadde vore ut-på og drege og fiska godt, med’ heile den store båtflokken låg på land.

Der vart ein kvelden tillyst protestmøte på bedehuset. Kallane møtte mannsterkt fram. Verdig og varm i mælet reiste seg den eine etter den andre og tala mot skøytene, serleg då motorskøytene. Det var ikkje tvil um at dei vilde øydelegge fiska og avfolke landet der nord. Her måtte statsmaktene straks gripe inn. Og drygde dei for lenge vart det inga anna råd enn at fiskarane fekk ta saka i si eiga hand. Dei hadde mått’ gjort så før når dei ikkje kunde bli høyrt. — — — —

Motorane skulde rivast ut ut or skøytene og søkkjast på havsens botnar. Og vilde folk fante med skøyter, på fiske, fekk dei finne seg i å