Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til ein fekk båten halvfull av brot og skavl. Så var det å snu stamnen mot hamna og legge båten i tauan att. Men freden var spillt; det vart ikkje ro til noko slag.

Karane gjekk i ei spenning heile dagen, frå bua til Gløshågen, og frå Gløshågen til bua att, stampa og trødde, småbanna og sputta stort. For langt inne i fjorden[1] låg desse fordømde skøytekarane og rava og reiv på bruket. Og fiska gjorde dei. Vårherre einast visste kor mykje dei fiska på sitt eige bruk. Det var vel ikkje stort anna enn røvarar som rodde på skøyte. Og når dei no låg der for seg sjølv inni havet, der det stod så mykje bruk, kunde ein vite kor dei bar seg åt når dei fekk opp felta. Båtkarane gjorde ikkje stort rekning på å sjå att bruket sitt, når veret ein gong spaktest så dei kunde kome ut.

For båtfolket å halde lag med skøytekarane det var uråd. Det var heller ikkje å vente, at ein på dei små opne båtane skulde kunne ta same sjøveret som på desse skøytene; dei var då mest som farty.

Det hadde blitt fleire og fleire av desse raklefantan’ år for år. I vinter var det stundom

15—16. Og 3 hadde motor. Dei skydde

  1. Vestfjorden. I Lofoten seier ein alltid inni fjorden, fordi det ber mot innlandet.