Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sukka han Lars i Dalen der han sat og stakk på småsildgarnstrengen.

Men elles måtte jamvel han vedgå, at det no var så mykje verre enn før å ha ro på seg til å sette seg ned med eitkvart handarbeid. Før i tia var det alltid så, at når ein låg i koia og høyrde vinden suse kring bunovene, kunde ein trygt blunde vidare.

Ein visste då at det ikkje var sjøver. Og drista ein seg oppå Gløshågen og såg sjøen bryte kvit ut for oddane, så var ein no reint sikker. Ikkje ein mann fann på og røre seg. Folk og båtar låg trygge. Ein kunde gi seg tid til å steikje og brase og sette seg i ro med handarbeidet etterpå. Og ingen fann på og banne Vårherre og veret og vinden. Det vart nok godver ein gong, no som alltid, trøysta ein seg med. — — — —

Men det såg ut til å vere slutt med den gode, gamle tid. Det var ikkje lenger fred å få, same kor det om morgonen ruska og reiv i buene. No var det alltid einkvan som styrte og sjaua ned på hamna. Og sette heile været på ende. Ingen kunde lenger i ro og mak tøygje han utetter morgonen, endå om ein var mest viss på at det ikkje var sjøver.

Det var å kome seg i hyret og ut og sjå i han. Stundom bar det i båtane og heilt ut i hamnegapet. Der vart ein liggande å andøve og baske