Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men då sjøen ein gong stillna, så var fisken komen heilt opp-i fjæresteinan’. Det vart eit brotfiske i mars, og dei reiste heim med fine lottar. — Kann hende var det nett denne harde og langvarige åtfallvinden som trongst til å skysse fisken lenger oppåt. Vårherre som styrde ver og vind, og ikkje gløymde nokon av sine, hadde vel ei meining med dette og, meinte han Lars i Dalen, den gamle halskaren hans Jonas Jensa. Det var berre om ein hadde tru og tålmod til å vente til hans tid kom. Det hadde mang ein gong set likså mørkt ut som i år, men det hadde likevel blitt ei råd. Å ga og banne seg svart og sjuk på veret, slik som mange vetlausingar gjorde, det var å legge synd på synd. Reknskapen vart tung nok å klare på den store dagen om ein ikkje bar seg såleis åt. For banna ein veret og vinden, banna ein også Vårherre som stod attom og skifte alt etter som han fann best og mest tenleg for menneskja. Men det var ikkje anna å vente enn synd og galskap når folk tok til å gå ledige og slenge, slik som ungdomen no så gjerne vilde i landlega. Når det ikkje var sjøver, var det anten å slite på koitela, reke på været eller daske med kortstokken. Noko handarbeid såg dei ikkje på. lkkje så mykje dei sette seg ned og smia seg eit par klompar ein gong.

Gud bevare oss for ei slekt som vaks opp!