Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

V.


Det vart ein uversvinter, ein av dei verste folk kunde minnest. Sødausten piska på dag etter dag, veke etter veke, så det braut og bura ute i hamnegapet, som om alle havsens ville makter var lausslopne. Og fisken stod heilt innpå egga, minst to mil frå land. Nøgda av fisk mund’ der vere. Jo det var mange som meinte, at slik fisketyngd hadde det ikkje vore frammed Lofoten sidan i 94 og 95, då folk søkklasta båtane dag etter dag, lasta med dei kund’ flyte.

Det var så fortærannes som det kunde bli, dette. Gå her på land og tørste og svelte og vite, at inne i fjorden stod fisken i tette stimar.

Kallan’ reiv seg i håret og var i ulag. Some morska seg opp og lyste og banna, så det var fælt.

Andre resta på haue og formana. Tenkte ein seg rett om, så hadde nok både den og hin set han like grov. Han Anders i Vika kunde fortelle, at ein gong i gluntdagan’ hadde dei ikkje kome på sjøen i heile februar, åtfallvinden peiste på dag og natt utan stans.