Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

forplikte seg på, at glunten såg syner. — Da e ikkj ver før ram’n, tess meir før folk, sa han, snudde skråa i munnen og rette på den lange, magre kroppen.

Men glunten heldt på sitt. Han hadde så tydeleg set eit segl noko langt utpå, utimot Storøya, som låg midt ute i fjordgapet.

Karane herde seg utanfor veggen og til å stire utimot veret og sødvesten. Det var då mest utenkjeleg at nokon vilde freiste Vårherre ein slik dag. Men det kunde ju vere einkvan som kom fordreven. — — — — — — — — — —

Lei om ei tid fekk fleire auga på seglet. Det var ikkje stor vengen som var oppe. Og når rokkarane kom var det lange stundene ingen ting å sjå.

Kven hund’n kunde det vere? spurde karane kvarandre. Her var då vel ingen av gardsens folk ute no! — — — —

Han Anders i Vika tok seg over skallen. – Du skal sjå da e Moglunten så e ut å færest. Han reist om måndagen til Bindalen å skull hent ny båt.

— Han e då vel nyli komen a Finnmarka? spurde han Per på Neset.

— Ja da e ikkj meir enn vel ått daga si han kom heim. Men måndagen va alt glunten innom hos me å lånt gammelsegle mett tel å segl nybåten heim me. Han ligg ikkj leng i røyten den Moglunten, da skal ver vesst, heldt han Anders i Vika fram.