Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vengeskoten; ho hadde vel teke Vikaprinsen og «Samaritanen» sine formaningstalar retteleg til hjarta, og gjekk no og sørgde og skjemdest over at ho nokon gong hadde vore så dum og galen, at ho hadde gitt seg ilag med den verste av alle Mogluntan’. — —

Det kunde også hende at ho bar på ei anna sorg. Han hadde no sine tankar.

Den som levde fekk sjå. — —

Langt om lenge kom han Johan vakker og verdig slengande inn gjenom døra, helsa roleg og smilande. Nå, det var han som var ute og gjekk. Mora hadde ikkje fortalt kven som sat nedi stua, elles hadde han vel set til å kome ned før. — — —

Han tok langpipa ned frå veggen, tende på og sette seg godt tilrette.

Han Kristian bar straks fram målemnet sitt. Det leid no så langt at han måtte vite visst anten han vart med eller ikkje.

Tja-a, det var ikkje så greitt å love seg heller. Han syntest fire mann på den store båten var snautt. Han frykta for at dei still-dagane vart liggande att-i kjølvatnet og drive.

Og så hadde han så smått tenkt på sjølv å ro båt, no når rolaget med farbroren var slutt. Han hadde ju ein mest splinterny halvfjerroring ståande i naustet. To mann til, og han var skipa. Kom fisken oppåt, slik som ifjor, då vilde han gjere det best på småbåt. Ingen hadde