Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ned til ein av gamlekjenningane. — Dokker va nok ikkj så lit ilag den ti dokk gjekk på skola. Men da e sant så dar står, at allting forandres ved tid og ved år, siterte ho Elen i Vika sukkande og fór ut.

Han Kristian vart sittande inne i storstua, dit han var blitt losa. Han kjende seg igjen her; det var sant. Det var dei same skilderi og søndagsord på veggene, no som den tid han fekk vere med han Johan inn her og syntest det var himmerike på jord å få lyde på alt det han hadde å fortelle. — — — Men tidene skifter; ho hadde rett i det Vikakjerringa. Han hadde no endeleg vakse seg ut av den trollringen, som batt han så lenge. Og no sat han her og skulde høyre med prinsen, om han vilde vere hans lofotkar.

– – – – –

Han hadde nok ikkje slik fæl hast med å kome ned, han Johan. Men så hadde han vel også sellskap som han likte, var det likt til.

Han Kristian vilde ikkje tru sine eigne øyra. Men det var nok så likevel, — det var ho Magnhild og ho Maria som gjesta Vikaprinsen idag.

Dei hadde det visst fælande morosamt; ein og annan gongen lo dei så det lydde gjenom heile huset.

Det høyrdest ut til å vere han Johan og ho Magnhild som førde ordet. Ho Maria var så lågmælt; berre no og då kunde han høyre ein liten klunk frå henne. Ho var nok skikkeleg