Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

seg. Men ingen måtte tru at han var redd for å ha Vikaprinsen med seg. Og når han Edvart og han Sivert stod på sitt og var så oppsett på å få han Johan med, så kunde han sakte endå ein gong traske inn over til Vika. Den høge herren måtte vel ein gong vere heime; han låg vel ikkje altid inni Kleiva. — — — —

Han møtte Vikakjerringa sjølv idag ute i kjøkkenet. Ho ropte over seg at slikt framandfolk var ute og gjekk. Det var no dag og år si’ han sist sette føten’ innom dør der. Men han hadde ju bala og brøtest som ein kar desse åra. Og no var han blitt båteiar og høvesmann. Det var merkeleg kor greitt og lett det gjekk for some å kom’ seg fram.

Ho var nok like flink til å prate no, som før, tenkte han Kristian. Men han vilde gjere seg fort ferdig der. — Om han Johan var heime. Han vilde talt eit par ord med han, dersom det var råd.

Jau, visst var det råd til det. Han Johan sat oppå salen. Han hadde visst nokre frå ungdomsforeningen hos seg. Dei hadde jamt så mykje å stå i med. Han kunde vere glad som slapp det strevet og kunde ta seg til noko meir nyttig. Men han johan var no ein gong slik ein godfjott, at han aldri kunde seie nei, når dei bad han om eitkvart. Og no hadde dei ikkje gitt fred før han vart med. — — — Men no skulde ho varsku han Johan om, at han fekk sjå. •