Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/59

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

nok små. Han laut nok vere glad han fekk glytte på henne ein gong kvart året. Det er ikkje alle gitt å kome inn i Kanaan, veit du. — Men endå lyt du leve, — prøvde han å trøyste seg med.

Dei gjekk hardt på han, både han Sivert og han Edvart Larsa og kravde, at no måtte han sjå til å få fullt mannskap; elles gjekk dei ifrå. Dei gjorde ikkje stort tre mann på den store båten. Og det rasket til mannskap, som ein — om lykka var god — kunde slumpe til å få ut i Lofoten, det let dei seg ikkje lite med. Dei måtte no få vite visst om han Johan i Vika vart med. Han var vel den beste karen som det var von om no. Fekk dei han måtte dei vere sjeleglade. Og dei fekk då prøve turen, endå dei skulde vore fem mann. Der var mindre båt der sat fem mann i. Men det kunde ju vere at dei ofte fekk litt hjelp av snesegla; dei var så kringe å ta til. Ein slapp å ligge og ro seg til vinds, slik som det var med råseglbåtane. Men vart det ein godversvinter med mykje stilla, då fekk dei jammen nok å gjere fire mann.

Han Kristian hadde halvt tenkt på ein halvkar. Og det kunde nok hende at det endå fanst gluntar som vilde til Lofoten. Men det var berre skrapet igjen no. Og kva skulde han med eit lite forsvulte armodsting, som kanskje