Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og drøymde oppatt sine dyre draumar, så han ansa ikkje at han kvelvde kaffien utover klæda sine.

Der kom han Johan i Vika og baud seg til tenest; han skulde bere koppane, så kunde ho skjenke kaffien i. Han spøkte og lo og smilte så sælt og sigervisst.

Han Kristian kjende det slite og rive vondt og sårt i inste og djupaste hjarterot, slik som så mang ein før han har kjent det når andre nærmar seg den kvinna ein elskar og ein ikkje sjølv er viss på å eige henne.

Han var så uviss som han kunde bli. Han hadde aldri nemnt noko til henne; aldri med eit ord. Det var i grunnen reint merkeleg at han for alvor kunde få seg til å drøyme om henne. Det var gjerne toskut. Og nyttelaust. Men det var som han gjekk etter ei løynd indre røyst og vona på, at ho skulde føre han fram til det store lengselsmålet. — —

Ho Magnhild hadde truleg høyrt på bladet, og visste nok mykje meir enn der stod. Ho trudde vel han var den verste fanten på jord. Kor skræmeleg måtte ikkje alt stygt kjennest for henne, ho som var rein som snøen og høg som himlen, og ven som vårens fagraste rose!

Og så hadde ho Vikaprinsen til kvar tid gåande der og smeiske og smile attmed seg.

Jau, vonene for han, Moglunten og syndaren, som «Samaritanen» måtte ta seg av, dei var