Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

stø som vanleg. Ho såg på han vårmildt og stort og spurde kor det stod til. Det var no så fælt lenge sidan han hadde stansa heime noko tid. Ho prøvde skjemte; — det var alltid så, — some var for mykje heime og andre for lite. – – –

Han visste ikkje rett kva han skulde legge i dette. Han såg også at ho hadde meir å seie; ho vilde vel gratulere med nybåten, ho som dei andre. Men ho syntest vel ikkje det passa. Og så tok ho det i seg att.

Ho måtte vidare fare, smilte ho. — — — Ja, da e nok mang så venta på de, fekk han seg til å seie. Han var både rau og brydd han og. Og det han sa var liksom så tonlaust og rart. Men han kjende at han måtte seie eitkvart. Han kunde ikkje berre sitte der og stire på henne, endå det var ingen ting han hadde slik hug til.

Så vaksen og ven hadde han aldri set henne. Og dei havtunge auga, som alltid hadde drege han med slik forunderleg makt, hadde aldri syntest han så rike og draumtunge som idag. Dei skein i blått og stor stille, som fjorden ein fullfin somardag når han spegla av skogklædde bjørkeli. — —

Dei kunde nok eggja. desse auga, men det var på ein slik vakker måte. Du vart varm og kjensletung, men samstundes kjende du deg så helga og rein berre ved den minste blenken. — — —

Han sat i løynd og følgde henne med auga