Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

år som elles. Aldri hadde han tenkt seg å få han på sin båt. Han måtte flire no det var sagt. – – –

Men han Johan i Vika smilte blidt og rolegt, og såg utover forsamlinga.

– — Ja-a, det var ikkje reint umuleg, dette han nemnde. Han var laus og ledig å kalle, no då eldste son hans Anders var komen heim fra Sulitjelma og tenkte seg til Lofoten. Du veit han fekk alltid sitte i det gamle romet sitt, om han absolut vilde. Men det kunde vere gildt å prøve andre høvesmenn ein gong. Han Anders vart gamal og varsam nok no for ein ungdom. – – –

Han Johan slutta med å seie, at han skulde verkeleg tenkje på det han Kristian hadde orda frampå om. Kunde ikkje høvesen sjå innom til han ein dag i veka, så skulde han få svar. — —

Nei, overgå Vikaprinsen og sette han fast, det skulde der noko til! Men vil de han bryte seg så små og ro med han, Moglunten, så måtte ingen tru at han sa nei. Redd var han då gudskjetakk ikkje. — —

– – – – – –

Han fekk auga på ho Magnhild; ho var med i festnemnda og for folkemillom og baud fram kaffe, kvitklædd og søndagsstill.

Ho kom ogso bort til han. Ho vart rau med det same, og handa skalv då ho skjenkte kaffien. Men ho vann snart over si uro, og vart trygg og