Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

deroppe og såg alt, han visste vel å stagge ovmodet og gjere han retteleg liten. Det var nok djupare og større meining i dette enn folk flest syntest tru, at ikkje Moglunten fekk mannskap til nybåten. Det var ikkje godt han fauk høgre no. Nedi støvet måtte han, sku’ det vere bergingsvon for han. — — —

Han Kristian sat møtet ut. Han Johan i Vika kom svingande framom. Og blid og blåøygd kom han og helsa. Heile andletet smilte. Det var rett gildt å sjå slike framandfolk i ungdomshuset, og tok så han Kristian i handa. Kor gjekk det med nybåten; hadde han fått segla sydde? Verre var vel å få fullt mannskap, så langt på året det leid. Men kven vilde ikkje ro på nybåt, og det ein slik nybåt, med snesegl. Det var ikkje å tvile på, at snesegla var betre og meir letvinte. Dei høyrde framtia til. Han var framsynt denne gongen. Det kom nok snart fleire sneseglåttringar til fjorden. — —

Orda rann så visse og vaksne, at han Kristian vart sittande og gape. Det var pokker’n til utkropen kar, den Vikaprinsen, var alt han tenkte.

Men enn om han no for ein gongs skyld overgjekk Vikaprinsen i å vere kjepphøg, og spurde om han vilde ro med. — — — Og nett så snart han hadde tenkt det var det sagt. Det skulde vere eit slag i andletet på Vikaprinsen. Ikkje rettare han Kristian visste skulde han Johan ro med morbroren, han Anders i Vika — — i