Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

formane sin næste så lenge ein var med han på vegen, så ein kunde sleppe å svare for dei fråfallne på den store og forferdelege dommens dag.

Det var kyrkjestilt under opplesinga. Mange auga søkte golvet. Men andre såg frimodige ut og opp i taket. Det var eit ord i rett tid, dette, som nokon kvar hadde godt av å høyre, ikkje minst dei skyldige. Dessverre var nok berre den eine tilstades. Men han var no og den skylda mest måtte tynge på. Var han ikkje ein forstokka syndar, måtte dette gjere han liten og mjuk.

Men han munde vere komen lenger nedi synd og forherding enn nokon trudde, såg det ut til. Sat han der ikkje så hard og kald og trossig som haustdagen ute. Skjemdest ikkje det grand. Stirde djervt og stivt på opplesaren og andre utan så mykje som å blunke.

Du skulde sjå dei fekk rett, som meinte, at den yngste Moglunten vart den verste. Dei hine brørne torde ikkje eingong sette sin fot innom herrens hus. Og dei kunde bøygje sit hovud i skam. Men den yngste, han som fuste fram så fort og stort og som det sagdest skulde reise Monamnet, — han flirde ein midt opp i syna, kor sterke enn formaningsorda lydde.

Medgangen hadde vel gjort han ovmodig. Han meinte seg visst før til å kunne styre alt slik som han vilde. — — Men han som sat