Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

då ikkje anna dette enn han hadde venta. Men likevel gjorde det så vondt. Det sette seg til ein knute ned for bringa.

I denne sorga og harmen lova han seg sjølv, at her etter skulde han annleis trosse seg fram. No vilde han prøve å kome folk skikkeleg inn på livet. Søndag vilde han på ungdomsfesten og høyre på «Samaritanen». Sjølvsagt hadde han tak i siste «skandalen».

Det var nok mange som kvakk då dei såg han Kristian Moa kome stigande inn i ungdomshuset. Han var ikkje sjåande der kvar dag. Og at han no vilde kome! Han munde vere meir enn freidig og fræk. — — Men kann hende var det ei høgare makt som dreiv han dit. Ingen kunde vite. —

«Samaritanen» hadde eit langt åtvarande stykke til sine unge, om ikkje å misbruke fridomen, så han kunde bli til freisting og fall. Vist var det så at alt var reint for den reine. Dei var komne over frå døden til livet. Men dei måtte hugse på kva verd dei levde i og kva namn dei bar.

Når det som den seinare tid hadde hendt at enkelte kvinnelege medlemer hadde slege lag med slike som ein visste vandra i mørket, og gitt seg i deira vald nattetider, måtte «Samaritanen» så alvorsamt kan kunde rope ut, at slikt var farleg. Det var å leike seg med elden. Ein kunde og burde ikkje teie til slikt; ein skulde