Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

var lita moro å trø dansen når ein hadde slik fæl meddansar. Ein skulde aldri gjere det så at ein skjemte seg ut for levetia. — — —

Men ho var trossig og argsint nok. Ho heldt ut kveld etter kveld.

Det var berre innbilling dette snakket hans, bles ho. Folk undrast ikkje meir på Mogluntan enn på andre. Ho reiste på nakken og lest som ingen ting var i vegen.

Så vart det uver nokre dagar. Og då det letna oppatt kom ho ikkje. Han skreva opp til Bakken og vilde høyre korleis det var — om det vart meir ror.

Merkelig så stilt i Bakkestua idag. Berre så vidt det let i dei når han spurde.

Det måtte nok vere slutt med sputroren no, fra deira side, svara han Jens på Bakken. Sjølv var han lemster endå, som kvar kunde sjå. Han gjekk her med denne handa og fikta i fatl. Det grodde ute og rotna inne, var det likt til. Og no var ho Maria blitt sjukleg; ho hadde vel vætt seg på føtene. —

Så godt det kunde ha vore og fått endå meir agn, så fekk det nok vere med det som var. Det var dessverre inga råd med det. — — —

Han Kristian sat og småflirte og hadde vondt av dei. Det var greitt å sjå at dei hadde late seg skræme.

Ja, kva skulde han seie. Han bad dei helsa ho Maria takk for laget, og smatt så ut. Det var