Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

IV.


Det gjekk som han tenkte. Kvar kjeft i bygda kom til å undrast på at Bakkefolka torde sleppe dotter si mørke kveldane og nettene ilag med ein Moglunt. Det var altfor lettsindig gjort. Visst hadde dei ikkje hittil noko serleg å utsette på den yngste Moglunten i så måte. Men han var vel ikkje så mykje betre enn dei andre Mogluntan. Han syntest tvertimot vere ein forherda skapning — med flir til alle ting, — så ein kunde aldri vite! Han var no og just i den farlege alderen. Ein skulde i allfall aldri freiste eit menneskje såleis. — — — — —

Han Kristian kunde så godt merke at ho Maria hadde fått høyre folkesnakket. Ho prøvde nok av all makt å løyne det; ho gjorde seg no og då sterk og freista le lystig og lett som før. Men det vilde så lite nytte. Ho fekk det ikkje til. Folkesnakket pinte og plaga henne, og gjorde henne tunglynd og sturen.

Han syntest på ein måte synd i henne. Men han kunde ikkje la vere å flire og erte. — Ho var då vel no endeleg fornøgd av heile roren. Det