Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Han kom til å tenkje på det som ho Maria hadde sagt, — at han kunde kome for seint.

For første gongen i livet kjende han Kristian Moa verkeleg ei skjelvande frykt. Han måtte atter stanse på vegen. Og puste stort og tungt.

— Det vilde vere ei sørgeleg ulykke, om ho Magnhild kasta seg bort til han Johan i Vika. Det måtte ikkje skje. lkkje for alt i verda. Men korleis skulde han kunne hindre det? Gå beint til henne og få si oppreising eller sin dom?

Ja, det vilde vere best. Han vilde kjenne seg som ein annan kar etterpå. Han hadde då eit visst mål å stemme imot. Og ei blinkande og vermande stjerne som stødt følgde han. — — —

— — — — Men, — nei, no kunde han ikkje gjere det. No då han ikkje rett visste anten han kom til Lofoten med nybåten eller ikkje. Var det no tid å gå til Kleiva på frieri! Nei, som fant gjekk han ikkje. Det fekk elles gå som det kunde. Var ho så forgjord at ho tok Vikaprinsen, så var ho ikkje den han hadde trudd. Og han måtte vel leve for det. — — — Han væpna seg med den vanlege kaldfliren. Såg ut i blåromet. Det var kaldt deroppe. Men herlegt friskt, stort og romsamt. Han sette føtene endå hardare i frosne marka og trødde vidare heim til Moa. —