Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vart vaksne, — sidan hin kvelden på gjerdet, —då han første gongen skulde til Lofoten.

Seinare hadde han ikkje anna set ein skimt av henne, når han ein enkelt gong var heime millom fiska ei lita tid. Han syntest ikkje han var den karen, at han kunde nærme seg Kleiv-dottera.

Vårherre visste kva ho tenkte om han.

— — — Det heile var nok så vonlaust det kunde bli. Og i denne si vonløyse hadde han nære på kasta seg bort. — — — —

Han stansa opp og trampa i vegen, trampa så det song etter jarnskodde støvlen.

Fordømt og! Var han ein kar gjekk han beint inn til Kleiva og snakka med ho Magnhild den dag i morgo. For det kjende han så vel no, at det var henne han måtte ha, henne og inga anna. Ho kunde vere så trongsynt og still og alvorsam ho vere vilde, det var då henne han stødt drøymde om og såg for seg i sæle syner. — — — — Det var reint merkeleg, dette, at han, Moglunten, skulde gå og tenkje på dotter til ho Maren missionsforstandar. Folk vilde le til det. Og det heile var vel truleg berre ein fager draum han aldri nådde. — — — Men endå — den vegen var det hans rette trå og lengsel låg. Og han laut ha visse — elles vart det oppi røyk alt i hop. — — —

Ho Maria kunde fortelle så mykje ho vilde — det trudde han elles ikkje ho gjorde —, heldt ho Magnhild av han så tok ho han for det.