Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tillitsfull. Ingen mælte eit ord. Det var liksom så vondt å tale etter det som var hendt.

Då dei skulde skillest oppå vegen sa han: — Skal e vent de i morra, eller ha du fått nok a rolage?

— E skal nok hall ut feskje. Ha da ikkj vor morosamt i kvell? Ho smilte lett og lystig mot han. — Jau du veit e synest da nok. Da kjem an på ka du synest? Ho kunde sjå kva han tenkte på og plagast med. Ho tok han i handa: — Vi tenkj ikkj meir på da. Den vene munnen lo på vanleg freistande vis; så snudde ho seg og trippa lett oppetter mot Bakken.

Men han sette føtene hardt i frosne vegen og var innvendig forarga, der han for stigande utetter til Moa.

Det var så fortærande å tenkje på, at Vikaprinsen hadde sin finger med i dette. Det var nok det slarvet hans, som frå først av hadde tendt branden i han. Når han kunde plukke livsens blomar på den måten, så måtte det gå an for andre og. Og så hadde han innbillt seg, at det var noko i den branden; at han likså godt kunde ta henne som den andre. Ho vilde då høve betre for han, Moglunten. Han fekk visst aldri noko av ho Magnhild i Kleiva, slik som mor hennar passa på henne. Og så still og missionsvenleg som ho Magnhild sjølv mund’ vere, var det vel lita von til at ho torde slå lag med ein Moglunt. Han hadde då ikkje tala eit alvorsord med henne på lenge, ikkje sidan dei