Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

selskape, erta ho. — Da skull vel ha vor ei anna så sat her. Men du får skjynn de då. Elles så kjem du før seint. Du e ikkje åleina dar. — —

— — — — —

Han såg opp. Det var altså sant at Vikaprinsen gjekk på friarføter til Kleiva.

Han hadde slik hug til å spørre ho Maria ut om dette og mangt anna.

Ho hadde truleg god greie på alt. Men ho sat der så forgale lur. Hadde han visst til narr. Og syntest nok han var ein stor tosk. — — —

Han lurte så på om dei var likså gode vener som før, ho Maria og Magnhild. Det høyrdest mest slik ut at der var komen ein knute på tråden. Det var vel Vikaprinsen dei slost om. Han hadde nok begge i si makt. — — — —

Munnen laga seg til ein stygg flir. Det kunde vere hund’n så morosamt å sjå kor lett ho som sat fram-i båten var. Kanskje kunde han erte Vikaprinsen ein grand med det. — — —

Han såg fram på henne. Ho hadde lagt årane inn og heldt på og fingra og fanta med ein drall. Ein og annan sputen vart hengande med. Det var eit sørgelegt leven for kvar gong han skulde over ripa. Ho let han mest alltid få tid til å sprute. Og fekk så strålen midt i syna. — — Men ho gav seg ikkje. Ho syntest visst alt var slik moro. Ho prata og lo omkapp med sputfrøset.

Han Kristian som jamt pla gå så opp i arbeidet sitt, at han ingen ting anna ansa, måtte