Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og kutta slæpetoget. Hivde så kroken etter han Johan og takka for skyssen.

Det vart stillt i båten etterpå. Ho sat og duppa med årane og andøvde, og glytte no og då atter på han. Det var synleg at ho venta han skulde tale. Men det var så rart når han hadde møtt han Johan i Vika; det var då som han klaka og fraus der inne. Og allting syntest floke seg til.

Det var toskut slikt. Kunde ikkje Vikaprinsen gå sin sigersveg for han — så mykje han vilde. Når folk vilde ha slike englar som han, så dei om det.

Men han var nok endå ikkje komen lenger enn at småstikka hans Johan gjorde vondt. Fortærande og! Han harma seg over dette. Han kneip leppene til og dreiv på og drog sput, liksom han ikkje tenkte på anna. No og då kunde auga søke utetter fjorden, der småbåra glitre-skein i måneglansen som skimrande sølvsnorer.

— Du e misfornøgd med rolage, sa ho. —

— Nei kor kann du tru da. —

— Du snakka ikkj. —

— Mogluntan e allti fåmælt, veit du.

— E syntes du kunn ver litt hyggeli nå du har kvinnfolk me de.

Ho såg dristig att på han. —

— Ein Moglunt kann aldri ver hyggeli, flirte han.

— Å du kann nok. Men da e ikkj da rette