Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

spørre: — Er du den karen som vil la deg dragse på denne måten bortover havet?

Då drog han munnen til den vanlege fliren, som han hadde lagt seg til. Stakk så årane ut og sette dei djupt att-i, spennte i tofta og tok tak. Det knast og small i båten. Og det skein av fine moreldstrimer bort gjenom sjøen, der årane stod bøygde som bogar.

Båten stansa, litt om senn. Til han stod still. Då begynnte kappinga.

Ein kunde sjå på. han Kristian at han ikkje berre var nøgd med så gjort. Han lurte nok på å få båten den vegen han vilde. Han sette årane nedi til skauta, og tok nye spenntak så det kvitna for knuvane.

Men han Johan og han Edvart kunde heller ikkje godt gi seg; der var for mange som såg på kappinga til det. Det gjekk høgt frå båt til båt, at no kappast Vikaprinsen og Moglunten på heite hardingen. Og det hadde mange hug til å sjå kor det vilde fyke av. — — —

Det var dei som våga hovudet sitt på, at Moglunten vilde vinne over dei begge. Og greitt syntest det ikkje bere attover med han Johan og han Edvart. Aller så lite. Men då vart det ein høg smell; eine åra hans Kristian sprang, langt oppå lomen.

Då ikkje han Johan gav seg no heller, sprang han Kristian fram gjenom båten som ei katt