Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein forunderleg fred inn over han. Han gløymde reint at han var Moglunt, og fredlaus i bygda. Fjorden susa og song så stillt og varmt som ein fager somarkveld, endå det var sist i januar og isen låg kvit og kald i kvar vika. Og når han såg på denne stjerna hennar, syntest han greitt at det var sant som ho sa; slik varmeglans i ei stjerne hadde han aldri kjent..

– – – – – – – – – – – – – – – – – – – –

Då dei skildest hadde ho teke han i handa og set stort på han. Lenge syntest han kjenne varmen av den lubne små-handa. Ho kvilde så trygt inni neven hans, vermde og gjorde godt.

Da han gjekk heim syntest han det var søndag i fjorden og kyrkjeklokka ringde så vent og varmt millom fagre fjell. Folk stansa i jaget, knepte andaktsfulle hendene og såg leitande opp mot høgda og himlen etter hjelp til å gå den tunge på tronge vegen til endes.

– – – – – – – – – – – – – – – – – – – –

Forbaska og! Her sat han og drøymde som ein liten gutunge, og vart sorgtung og rar. Ein kom ikkje langt på den måten. Livet kravde noko anna. Og kva hadde han i grunnen med ho Magnhild i Kleiva å gjere? Det var vel lita von til at han nokon gong kom til å snakke med henne. Ikkje gjekk han og trødde ut dørene til ho Maren missionsforstandar, som skinhellig krossa seg i kvart kvinneforeningsmøte over Mogluntan’.