Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

folkedom kunde nå han, og der han slapp å sjå seg lei på heimleg slarv og likesæle, der måtte han kunne finne seg eit rom. Der kunde han segle fram for full bør. — — — Dei vann seg rikdom og stort namn så mang ein derute, som det aldri vart noko av her heime, — endå dei hadde mindre motbør å klare enn han, Moglunten. Kvi låg han så her og beittest! Ein tosk var han! Vegen låg open. Han kunde selje nybåten i morgo den dag. Og så stryke avstad med første damp. Kva hadde han som hefte seg — —

— — — — — — — — — — — — — — — — — —

Landvinden leika så lint og lett med siste ospelauvet, slik som det så mang ein gong hadde gjort når han i barndomsår sat her oppe i halvskorne kveldar og lydde. Og nedpå fjorden høyrde han den kjende susen frå båredraget. Det var hans blide barnesong, som så ofte hadde sulla han inn i sømn og dyre draumar –

Utover myrane skreik det ein myrbukk. Og rådampen samla seg i kvite dottar over vatssjuke delder.

Rett vestanom Mo-osen, på hitarste kanten av Stormyra, låg det ein liten fager bjørkelund. Den hadde han planta i 10-årsalderen. Dei hadde vokse så bjørkene dei siste åra; og slik som dei heldt lag tok dei ikkje lite av for harde vestavinden og kalde myrsnoen.

Det var rom til mange heimar derute. — —

Han fekk varmeglans i auga med’ han stod