Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til å sjå på hauger og hamrar desse åra. Det hadde bore frå det eine fisket til det andre, året rundt, nett så mykje han hadde fått glytta heim av og til.

Forresten — kva var det å glede seg til her? Det var berre til å bli harm og heit og hard av. Her gjekk det 3 vaksne karar og slong mesteparten av året, og let fjøset og alt gro over i skit! Ikkje å undrast over at bygdefolket reste på hovudet og korsa seg over Moa og Mogluntan’, som det inga råd var med — og som det heller ikkje skulde vere noko råd med, om han forstod folk rett. — —

Atter seig den beiske tanken innpå han, at det var uråd å få hyrt mannskap til nybåten. Folk vilde nok ikkje sleppe ein Moglunt så høgt. Det kunde då vere von om å reise seg. Og det måtte ikkje hende, ikkje for alt i verda!

— — Han treiv handa i den kveldvåte marka, og fekk neven full av mose. Kasta han så langt ifrå seg, slik som han ønskte å gjere med all den vondskap og djevelsdom som syntest spinne sine traadar all stad. — — —

Amerika steig atter fram så leikande og lokkande i hugen.

Kvi hund’n skulde han legge seg til her heime i fjorden og slåst med brørne og bygdefolket. Han vart så aldri halden for ein skikkeleg fjording. Ein Moglunt var dømd. — — — Men derute i ville verda, der som ingen