Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som han, Vika-mannen, tenkte, fekk nok Moglunten lite bruk for nybåten. Og rett til pass kunde det vere, slik som han sette nasen til vers og flaug i veg.

Han Anders kom ikkje meir att. Han Kristian fekk arbeide i fred. Og han dreiv på dagen lang. Dreiv på så han tidt gløymde både mattid og kveldtid.

Det tok til å skape seg no, både med det eine og det andre. Når han no fekk seglet og beslaget, kunde han gjerne skuve båten på sjøen.

Men for kvar gongen han såg båten stå der ferdig, stakk det han så illt og vondt, at han ikkje hadde mannskap å sette i han. Det var stundom som han syntest, at kvart menneskje han møtte lo så inn-feitt og godt over dette. Då vart han så jammerleg fredlaus og heit i hug, at det var næsten vondt å leve.

Verst var det når han trøytt av dagen søkte heim. Der gjekk mora og træla og trødde og sleit mest stikk mo åleine. Brørne rak anten ute, eller dei sat borti lihlkammerset, munnsa og drakk, spela kort og slo tia ihel på annan måte som best dei kunde. Dei syntest vere så inderleg likeglade med alt. Når berre dei hadde mattugga i munnen, og til ein dram no og då, gav dei ein god dag i noko meir. Dei var Mogluntar, og vart heller ikkje anna. Kvifor så ikkje ta verda med ro!

– – – – – – – – – – – –