Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

moro å høyre korleis ungdomen tenkte å ordne og stelle seg. For ungdomen vor ju framtia.

Han Anders vart ståande lange stundene og sikte på nybåten hans Kristian. Ein så brei og bergeleg åttring hadde vel ikkje vore i fjorden før. Eit svin til å tål’ segl, når han hadde noko i kjølen. — — Det var då på ein måte bra at han fekk prøve han såpass på nordturen. Båten å kjerringa lær ein aldri å kjenn vel nok, å best dess før dess heller ein kjem di inn på live’. — — — —

Han Anders såg bort på han Kristian og gjorde seg så blid og gild han kunde. Men han Kristian høvla og arbeidde og lest ikkje sjå kallen som stod der og prata seg inn på han.

— Han e vesst go både på framvind å romvind. Men tong før åran e han, om e ikkj ser feil. Han ror se ikkj sjøl, så mykj ser e. — —

Då såg han Kristian opp, — E vesst ikkj nokken båt rodd se sjøl. — — Det var ein flir så beisk og bitande, at han Anders i Vika måtte svelgje på han ei stund. — Næ-i, men du veit da e førskjel på båta å bry. — Han Anders blinka og blunka til dei som stod og lydde på. Og med så-gjort gjekk han. Dersom Moglunten var så skitviktig og grom, at han ikkje tålde eit ærlegt spørsmål, sa kunde han så godt få sitte der åleine og høvle på årane. Gjekk det