Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

meining å by til med mindre enn 5 vaksne mann. Men kor tok han dei frå? Lat så vere at han hadde han Edvart Larsa og bror sin, han Sivert. Det var 3 med han sjølv. Fleire nytta det nok ikkje å få her i bygda. Det kunde dei sverje på. — — —

Dei prøvde å prate seg inn på han, så dei kunde få greie på kor han tenkte seg. Men han mælte ikkje eit ord. Og då han hadde tømt støvlane og bunde båten, la han på veg utetter og heim, med dyvåte huva i handa, — rett mot harde sødvestveret. — —