Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

frå land let han seglet sige. Og båten rente seg fast i kvite skjelsanden.

På attertofta sat han Kristian Moa, tettbygd og brei. Han var berrhaua og snauklædd. Sjø og regn silte nedetter andletet. Håret hang svart og vått nedover panna, og munnen vrei seg i ein liten lykkeleg smil.

Han sat endå båten stod. Sat liksom i tankar. Til han Jonas Jensa kom nedåt og helsa velkomen. — Du ha ver i dag.

— Ja—a—a, børen va ikkj å klag på.

Meir fekk dei ikkje ut av hans munn, alt dei spurde og grov. Han ordna med båten, skora han opp og rigga ned, og overhøyrde alle spørsmål. — Dei stod ved skotten og sikta og la ut.

Der var ein botn i båten som ein sku’ leite etter.

Og djup og bergeleg var han, — reint eit lite farty mest.

Men jammen fekk dei vere karar ved årane. Det var greitt å sjå. Det vart nok ikkje smågluntar som dreiv den båten. — —

Dei glytte bort til Moglunten. Han hadde drege oljebuksa av seg, og stod no og kvelvde or støvlane. — — — —

Kor vilde han finne mannskap til denne brya? Ein slik båt dreiv seg ikkje sjølv, om han sa vart rigga ut med aller så mange snesegl.

Det var ikkje vanskeleg å sjå, at han Anders hadde havt rett; båten var bygd til snesegl. Men der skulde folk til likevel. Det var ikkje