Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Han vel prøv innveen føsst gongen, var det ein som sa.

— Å han kunn nu vel eingong få resteng nok, han og, svara han Anders seint og vist. — Han e ikkj gammel i haka; vi ha før set likså stor spretta bli temt.

Kallane visste ikkje kva som gjekk av han Per på Neset i dag. Han var så stridshuga. Og hadde slik elsk til han Kristian Moa. Straks var han ferdig å svare:

— Ein måtte seie at det var både modig og godt gjort av han, 17—18—åringen å segle nybåten aleine heim — på denne årsens tid. Ein skulde døme karen for det han var, og ikkje etter det faren og brørne hadde vore. Det var pokker’n det same kor karen kom frå, når han berre synte seg å vere ein mann, som vilde noko. Her var nok av dei som låg heim i stu-dørene og drog seg året rundt, så nær som dei få vintervekene då dei rak seg ut til Lofoten. Snart årka dei vel ikkje det heller ein gong. Men då kunde dei med det same legge seg til å sprekk’; han fødde dei i allfall ikkje. Det skulde vere slutt med det. — — —

Han Per på Neset trippa og trødde så svint og lett på foten att og fram innom disken og tøygde seg i det brune spiss-skjegget.

No skjøna kallan’ det; han hadde visst litt i haue idag, gamlingen. Og da var han ikkje å kome nokon veg med. Det var best å teie så lenge.