Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein sneseglåttring til avhentings. Og det sa båtbyggaren sjølv til han Ol’ Hansa, at den skulde han Kristian Moa ha. — Lyg han så lyg e, slutta han Anders og spytte langt og saftigt bortetter krambugolvet.

Ja ja, han fekk vel sjå kor det gjekk. — Men hadde han no pengar til å greie alt dette? vilde fleire vite. Visst hadde han lege på tur året rundt å kalle, tent godt og vore sparsam. Men han hadde då og noko å bruke pengane til. Det var då visst han så oppheldt heile huset. Og ifjor stod Moa lyst til auksjons; der var ikkje betalt eit øre på garden i mange år. Dei hadde anna å bruke pengane sine til, Mogluntan, enn å betale på garden. Når dei tente ei krone, var det å skikke bud til byen etter ølkassar og brennevinskassar. Og så låg dei og pimpla og drakk så lenge det varde, og heldt eit syndig leven langs vegan’.

Det var sakte bra å sjå at den yngste Moglunten vilde bli eit anna menneskje. Men ein skulde ikkje skryte av han for tidleg. Han var no ikkje gamall karen endå. Det var ikkje visst kor han vart når han fekk åran på seg. Han hadde alltid bore hovudet så høgt; det såg ut til at han vilde trosse seg fram. Men ovmod står for fall. — — — — —

Då seglaren var komen innom Storneset, og hadde verste sjøen attom seg, flaug seglet høgt i mastra, mest til topps.