Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Å han Krestian Moa kjem nok fram, derså han har helsa å levedagan, svara han Jonas Jensa. Han såg atter ut etter båten. Seglet var borte lange stundene; men når rossene var farne framom, kom det atter til syne, piska og stormrie.

Han Anders var viss på at det var Moglunten; han kjende seglet sitt att. Det hadde ein ny stav i midten. At det atter skulde kome til slik ære, å få ride ein slik tørn av, det hadde han rett ikkje tenkt. Men det heldt nok; der var slik overlag god duk i det. Og han hadde halde det godt med bork, så rote var det ikkje. Når han hadde slengt det og fått seg nytt segl, så var det fordi det var så urimeleg tungt og stivt å handsame.

Kanskje Moglunten skulde ha det i vinter, var det ein som spurde.

— Å nei, han så grusa så stort e nok ikkj nøgd me slekt seglstell. Han skal ju ha snesegl, svara han Anders.

— Snesegl! ropte fleire på ein gong. Skulde han til å fante med slikt, då fekk han nok snart båten til hatt. Vårherre kunde gle’ seg til framandfolk. — Om han Anders var viss paa det.

Han Anders i Vika rette seg så lang han var og let karane vite, at han fer ikkje med vas. Han hadde nyheita frå ingen ringare enn han Ol’ Hansa på Stranda, som nett hadde vore sør og henta seg nybåt. Der stod eit stort beist av