Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/115

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det storma så mykje inn på henne i denne stund av tankar og lokkande kjensler. Ho visste ikkje rett kva ho skulde. Men så kom ho til å tenkje på, at no var ho eitt med han, og det var hennar hellige plikt å verne om namnet deira. Ingen skulde ha noko å seie på dette første møtet. Og ho kjende seg så varm og veik ilag med han; ho kunde liksom ikkje lite på seg sjølv, om det bar inn.

Ho reiv seg laus. — Kom, e skal føll de eit stykkj utover. Og han let seg føre. Det bar utetter øvervegen, frammed lia. Til dei kom til det steingjerdet, dei ein gong før hadde sete på. Der sette dei seg side om side.

Vintersnøen låg strødd utover i flekker, laus og soltært, med ei frøyn skorpe ovanpå. Men i solbakkane låg marka berr, og det lyste av grøn gror under hamrane, der det var livd for nordanvinden.

Dei sat og såg på fjella og fjorden og lydde på lette bekkesusen, til deira auga vart tunge og slørte, som kvelden sjølv.

Det stod ei lita bjørk attmed gjerdet.

Han braut seg ein kvist. Komaren sat brun og stor uti, ferdig til å sprenge vinterhylstret.

— Sjå, da e straks vår.

— Å så bi da somar, kviskra ho.

— Ja, å så bi da somar. Han tok ho inn til seg, slik at han kjende varmen av henne.