Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

den yngste Moglunten var så mykje betre enn dei hine — når det rett bar til. Det var i allfall for tidleg å peike han ut som den store føregangsmannen. — — — —

Kva tenkte han Jonas Jensa på, at han såleis heldt Moglunten fram? Var det likevel noko i det rykte, at han Kristian Moa skulde bli versonen hans ? Ingen trudde det før dei såg det. Så lenge Kleiv-frua var ovan torva kom det visst aldri til å hende. Det var vel ikkje eit møte i missionsforeningen utan at Mogluntan vart omtala. Og så skulde dotter til ho som var formann der bli gift med ein Moglunt! — — —

Han Anders i Vika brann med eit spørsmål, som han ikkje kunde teie med: — E da så at Moglunten skal stryk a me karan din? Da e sagt me at han Edvart Larsa går over. — — —

Han Anders strauk seg velnøgd i skjegget. Han syntest mest han hadde sett kniven for strupen på han Jonas Jensa. — — —

Det var ikkje fritt storfiskaren i Kleiva raudna til. Men han vann seg straks over i den store ro og prøvde skjemte. — Da e nok så. Å e synest ikkj da e da slag unnerli, at di så e ong å laus å ledi vel prøv se hos anner høvesmenn. E tek tel å bli gammel, å har vel best a å legg opp— — — —

Det var svar som han Anders likte.

— E tenkj Moglunten å anner skåronga får ta se i baken mang ein gong før di gjer de nokka — — —