Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

heldt att. — E kom vesst ikkj tel å kunn fyll rome mett; du e ju så streng.

— Ikkj me all; e ser i folke, veit du.

— Du vart vesst likså snart lei me så åttringen.

— Å så kom e tel å overlat de til einkvan ann’n, mein du, skjemta han. — Ja. — Da vart i allfall ikkj tel Vikaprinsen, sa han sterkt.

— Ikkj til nokken ann’n heller?

Ho såg nøgje på han.

— Nei, ikkj så leng da finst liv i me.

Han la armen fast kringom henne. Men ho heldt endå att. — Du har ju nyskøyta; e trudd du ha nok me ho. — Nei, e må ha de og; elles bi da berre skrot me roren.

Ho tvila ikkje lenger; varmt såg ho han inni auga og let så hovudet sige inn til han.

— Kann e så lit på rolage dett?

— Ja, kom det lågt og varmt.

Han klemde henne fast, og deira munnar. møttest.

Kveldsløret breidde seg tettare utover rabbane og myrane og sveipte seg om dei to, som sat der og let sine tunge vårkjensler tale for første gong. Dei gløymde tid og stad og drøymde seg visst einsame på ei nyfødd jord.

Det kom ein orre flaksande bortåt dei og tok til å leike.

— Han e gla, han og, ser da ut til, sa han Kristian.