Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Kor vanskeleg det var å gjere alle tillags! Men det var berre det, at ho så gjerne vilde han skulde lengte etter noko meir, at han ikkje skulde finne si fulle lykke berre med motorskøyta og sin store framgang, slik som det slo henne idag då ho fekk ein skimt av han. Han såg så nøgd ut, liksom han hadde vunne si lykke.

– – – – –

Men — det hjelpte vel så lite kva ho tenkte eller ønskte. Om 4—5 dagar la han på Finnmarksferd, og ho fekk vel knapt sjå han — på lenge. Det var nok berre ei gissing av ho Maria det, at han tenkte på henne. Elles måtte han vel ha sagt — eller skreve — noko? Men han var så underleg; det var mest aldri godt å vite kva han bar på. — — — —

Ja ja, ho kunde ikkje anna enn ønskje han lykke på ferda. Nokon annan godhug kunde ho ikkje syne han.

Ho femnde fjorden endå ein gong i eit storsyn, og vilde så til å gå. Då kvakk ho til; ein kar stakk hovudet opp over bakkebruna. Og med huva i handa kom han Kristian Moa fram og helsa.

— E skul ut å sjå på bjørken min å så fekk e sjå her sat folk.

Ho kunde ikkje med det: ho raudna skikkeleg og visste ikkje kva ho skulde svare. Det var ikkje godt å sjå anten han flirte eller smilte. Det slo henne atter, at han såg så sterk og sigerviss ut. Og det likte ho ikkje – på ei vis. — Da