Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Det gjekk som ein leik inn fjorden; dei kunde sitte i båthuset og koke kaffe og kose seg. Det måtte bli herleg å vere fiskar når ein kunde få det såleis. — — — — — — — — — — —

Ho skulde vel ikkje ha noko med dette å gjere, men det gjorde så godt å høyre faren seie dette. Det var så vondt alltid høyre folk fordøme det han Kristian gjorde. Ikkje for det, han brydde seg visst ikkje stort om kva folk sa eller syntest.

Ho hadde set han med kjerke idag. Han var så brunbarka og byrg; han såg reint sigerstolt ut. Det hadde han vel grunn til å vere, no han var skipper og heldt på og kome seg ovanpå. Folk måtte sjå opp til han, anten dei vilde eller ikkje.

Ja, det var bra, at han vann seg fram. Det var godt å sjå at det beiske og bitande draget, som hadde lege som ein kald haustskugge over det fagre og sterke andletet hans dei siste åra no heldt på og kome bort. Ho hadde syntest det var så tungsamt og sørgeleg at han skulde gå såleis og lide og forherde seg sjølv. Og ho hadde meir enn ein gong ønskt å sjå han fredfull og lykkeleg. Det hadde vore hennar stille bøn så tidt. Men no når hennar bøner heldt på og bli oppfyllte, no når den tunge skuggen heldt på og letne og kalde fliren smelte i ein varm og lykkeleg vårsmil, slik som ho syntest sjå idag, — så gjekk ho her og var sorgfull og halvt ulykkeleg. — — —