Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/104

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

bankande innetter fjorden i går tideg med 3 åttringar på slæp, mot straumen og utfallvinden. Det var slett ikkje slikt fælt leven som folk i fjorden hadde innbillt seg. Det var berre så vidt dei høyrde det i land. Men han Ol’ Trondsa i Lihlvika fortalde i går på krambua då ho var der, at han fekk mindre på flyndregarna igår, og det var sikkert motorskøyta hans Kristian Moa å takke; ho hadde gått tett forbi garna. Kor svart vilde det så ikkje bli i fjord og fiskevær, om det vart fullt av desse raklefantane!

Men då fekk han Ol’ Trondsa han Per på Neset laus. Det var mest godt å høyre kor han las opp om fordom og tull. Kven var det som i år hadde størst lottan, anten dei som let tia renne ifra seg, eller dei som følgde med? Men det var vel ikkje så om å gjere å følgje med heller, når dei visste at fattigkassa og handelsmenn’n fødde dei og ungan’ i same tia. Det vart eit tungt år for han.; Vårherre måtte vite kor han sku’ greie det; han kom då visst ikkje til å få inn halvparten av det han sette ut i fjor. Men det skulde vere slutt no, han kund’ ikkje gjer’ det slik at han sjølv kom på tukthuset. — — —

Ho hadde vore så spennt på kva faren vilde seie. Han hadde ikkje skreve eit ord om striden millom båtfolket og skøytekarane. Det gjorde så godt å høyre i går då han kom velsigne motorskøyta, som let dei få tamp ut med leia, der dei låg og hangla og dreiv i motfallsgråen.