Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han og såg så rart på henne. Dei vart sittande der så lenge i fine somarkvelden. Han skjemta med at når han vart gamal og trøytt av sjøen vilde han reise seg ein heim her ute. Og han fortalde såleis kor denne heimen skulde vere, at ho vart riven med. Her var så fritt og fredelegt her ute; ein slapp gå i vegen for kvarandre, slik som det no heldt på og bli inne i Nordbygda. Og jord til dyrke var her meir enn ein vann over, om ein så vart hundre år. — — —

Så hadde han drege ei sølje opp av lomma. Det skulde ho ha i bettarløn; ho hadde vore så gild og hunde eit par vottar til han første gongen han skulde til Lofoten.

Han vart så rau og brydd då han flidde henne sølja. Ho såg øskja var sliten; ho hadde visst lege lenge i lomma. Det kunde likne han, endå så pågåande kar han var. — — —

Sidan hadde ho mest ikkje snakka med han. Men rett ofte hadde ho i drauman’ mintest møte-stunda her ute. Og no sat ho her i halvskome aprilkvelden og tok farvel med staden. Bjørkene hadde vakse seg både større og sterkare sidan sist — nett som han sjølv. Men det såg mest ut til at han hadde gløymt å fli om dei. Det var vel ikkje anna til for han enn båtar og motorskøyter. — — —

Ho såg nedpå bukta; der låg lofotbåtane og svaga sakte i landvindskjøla. Ytst ute, som for seg sjølv, der låg skøyta hans. Ho kom