Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

rart på henne no ho var tenkt på og forlate det alt saman. Ho skulde reise i næste måne; ho vilde ut og vigje livet sitt til dei sjuke, dei som ligg i verk og våde og strir sårt med døden.

Og ho hadde stundom gledd seg til dette; det måtte gi fred og godt samvet når ein såleis ofra seg for andre.

Men no var ho så tvilsam; det kjendest så vondt å ta farvel med alt dette som ho var vant til å sjå kvar dag. — Det er ikkje lett å bryte staven over den draumen, som ein har kjælt for i livsens første lykkelege år.

Når ho hadde villa seg hit ut i kveld, så var det vel fordi ho måtte sjå att den staden, som ho i lang tid hadde spunne sine dyraste draumar om. —

Det var gått såleis til:

Konfirmasjonslørdagen for snart 4 år sidan hadde ho følgt ei veninne ute frå Stranda eit stykke på veg utover. Det var flo sjø så dei måtte gå myrane. Då ho var komen hit inn mot rabben møtte ho han Kristian Moa. Han kom frå den vesle bjørkelunden der nede. Ho måtte vere med og sjå på dei bjørkene, som han hadde omplanta dit ned då han var 8—9 år gamal.

Dei trivdest så godt, bjørkene. Det var alt ein liten tett lund. Og midt inne i lunden var det to—tre steinar. Der hadde han no sete og overhøyrt seg sjølv i leksene til morradagen, sa