Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein som ho inne i Kleiva alltid var vant å sjå fjorden innanav og utetter.

Han tok seg mest betre ut herifrå. Ein fekk slikt godt tak på alle blåfjella, som himla så fagre imot sky hi sida fjorden. Og innom fjella blåna det i endelause vidder. Det måtte vere triveleg å bu herute og sjå dagen herleg vakne der aust, stødt like ung og ven, med voner mange i si lette lysing. Og herifrå kunde ein først retteleg sjå kor verdig og vakker fjorden bukta seg innetter frå nes til nes. Det var rart ingen hadde slege seg ned herute.

Han Han Kristian Moa hadde ju tenkt på det. Han hadde den gongen han var liten planta desse bjørkene, til vern og vakt mot austanvinden, som skulde ta så hardt her.

Men no hadde han vel slutta av med det, no han hadde fått seg motorskøyte.

— — — — Ho vart så still og sorgfull i sinnet. Småbekkene surla og småsong under kveldstivna snø, med’ dagen sorgsamt sovna vestom eidet og åsane.

Ho tenkte gong på gong å gå. Folk vilde tru ho var galen, dersom nokon fekk sjå at ho gjekk og rusla og rak herute — denne årsens tid. Men ho vart sittande; ho kunde liksom ikkje rive seg laus frå den trollstemning og dei tankane som batt og hugtok henne. Det var så underleg; fjorden og fjella tala med slik makt og såg så