Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mest vere det same anten han vilde ha henne eller ikkje; ho kom så aldri til å bli lykkeleg med han; for ho heldt ikkje det grand av han. Det fanst ikkje større fant i fjorden.

Men han Kristian Moa var ein staut kar. Og når han var så vrien og vanskeleg, og sette livet på spel kvar time, så var det berre fordi han heldt så forgale mykje av henne – ho Magnhild i Kleiva, og trudde at ho hadde lova seg med hjarta og hand til han Johan.

— — — — — Ho mintest så vel at ho hadde hysja på ho Maria då ho sa dette. Men ho Maria var så alvorleg. Og ho bad henne med tårevåt kinn om å syne han Kristian det, at også ho var glad i han. For det var ho. Og det var synd å gå slik og fryse til, kvar på sin måte. Livet var så kort; ein burde ikkje kaste bort ein einaste time. — — — —

— — Det var rart slik som livet lysna og letna med ein gong etter at ho hadde snakka med ho Maria. Greitt syntest ho det tok til vårast med det same.

Og no var det mest ikkje stort igjen av gamle vinteren. Det var bert i bakkane, og det tok jamvel så smått til å grønast her og uer under hamrane. — — —

Ho hadde sett seg på ein tørr-rabb tett ved ein liten bjørkelund, og synet leika så vidt og fritt inn etter fjorden.

Det var så underleg å sjå fjorden herifrå, når